test

Bulletpoints

  • En linje
    • To linjer
  • Mye tekst Norske finansmyndigheter har godkjent prospektet for listing av nye Cxense-aksjer i forbindelse med den rettede emisjonen og den påfølgende reparasjonsemisjonen i selskapet. Tegningsperioden for sistnevnte starter i dag. Eksisterende aksjonærer har fått 0,08311 ikke-omsettelige tegningsretter per aksje.

Les mer

å blogga på nynorsk er ikkje alltid så veldig enkelt. spesielt blir
dette vanskeligare når eg får kommentarar som “du har ein så fin blogg
til å vera på nynorsk”, som om språket mitt skulle gjera det
vanskeligare å lika meg som person, eller innhaldet i bloggen min.

eg har alltid skrive nynorsk, og snakkar ei dialekt som ligg veldig nært
opp mot mitt skrivne nynorsk(fram til tiende klasse på ungdomsskulen
visste eg ikkje eingang at det var lov til å skriva “vi” på nynorsk).

det stikk litt når det er det journalistar/oppgåveskrivarar er interesserte
i, korleis er det å blogga på nynorsk, kva meinar du om nynorsk,
korleis formar språket bloggen din, kvifor skriv du nynorsk, sånne ting.
per dags dato har eg gjort eitt einaste intervju utan eit einaste
spørsmål om nynorsk. for meg er det like naturlig å skriva nynorsk som å
drikka vatn. korleis er det å drikka vatn? kva meinar du om vatn?
korleis formar vatn dagen din? kvifor drikk du vatn? ca sånn, skjønnar
de? ein ville aldri ha spurt ein bokmålsbloggar om desse spørsmåla, og
det er frustrerande. bokmål og nynorsk er to likestilte språk i norge
ifølge norsk lov. og det gjer oss sterkare og smartare og gir oss større
forståelse av andre språk, det er eg 100% sikker på.

fram til for berre nokre år sidan har det aldri vore nokon kamp for meg å skriva
nynorsk, eg kjem fra ein nynorskkommune og gjekk på vidaregåande i ein
nynorskkommune. det var ikkje før eg innsåg at ein faktisk må kjempa for
nynorskbøker på vidaregåande at eg innsåg kor viktig det er for meg å
kjempa. for utan nynorsk veit eg ikkje kven eg er. om ein tar fra deg
alle orda dine, kven er du da? korleis kommuniserar du? om ein av
vennene dine skulle få ei heilt ny dialekt, ei ny stemme, skulle du
ikkje syns at det var rart? språk definerer oss, det er ein stor del av
identiteten vår og utan det så manglar det ein bit. og eg blir så
ufattelig trist av å tenka på den diskrimineringen som nynorskelevar går
gjennom kvar einaste dag.